FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO

Juleidyll på Krambua - Foto: Finn J. .Hugøy

Julemesse på Hersvik

Laurdag 24. november var det julemesse på Krambua i Hersvik. Trass i eit heller trasig vær med synnakuling og sluddbye kom det bra med folk som ville handle heimelaga produkt.

I år hadde ein eit rimeleg godt utval av julekaker av ymse slag, kling, lefse, brød, fårerull, sylteflesk, sild, røykjemakrell, kransar , bukettar og litt til.

Nokre av dei som var innom tok seg god tid til ein prat over ein kopp kaffi og heimelaga julebrødskive med brunost på.

Ein del personar hadde lagt ned mykje arbeid for å få til denne dagen, som gav sogelaget eit betydeleg overskot til bruk på Krambua.

Solund sogelag takkar alle som deltok med varer og arbeid til denne dagen.

 

Finn J. Hugøy



Her er Helga Saltskår i full sving med å smørje heimelaga julebrødskive til kaffimat
Foto: Finn J. .Hugøy


....... I godt lag
Foto: Finn J. Hugøy


.............