Jonsokfeiring Krambua på Hersvik (I samarbete med " Nord Solund Vel"
Av Mary-Ann Hersvik Strøm
Hersvikbygda viste seg frå si beste side då om lag 100 menneske samlast til Jonsokfeiring på Krambua. Sola skein frå ei nesten skyfri himmel, og den lette brisen ble berre som ei frisk pust i varmen. Folket møtte med godt humør og nokre pynta med blomekransar.
Både Sulingar og tilreisande koste seg med grillmat, rømmegraut, kaffe og kling. Praten gjekk livleg og mange hyggelege gjenforeninger fant stad blant dei frammøtte, blant anna ei gjeng med karar som ikkje hadde sett kvarandre siden skuledagane i 1950.
For dei vaksne vart det anledning til litt hjernetrim. Sogelagets ”Jonsok Quitz” inneheldt spørsmål med tema frå lokalsoga og kysten vår. Det ble ivrig debatt rundt borda når det blei for vanskjeleg. Kunnskapane er bevist i orden, og på slutten av dagen ble det premiering av 10 gode vinnare.
Om lag 20 av dei frammøtte var born, som med unntak av dei aller minste hygget seg med rokonkurranse i gummibåt. Konkurransen gjekk fleire runder, med fleire øvelser som endte med finale og premiering av dei tre beste. Etterpå vart det høve for dei som ikkje kunne ro å få prøve dette, nokre born fekk gleden av å lære å ro denne dagen.
Dagen ble i år som i fjor avslutta med ett flott Jonsokbål ute på moloen.
Takk til alle frammøtte !