FRAMSIDE BØKER SOLUNDARKIVET KLYPP FRÅ LOKALSOGA LINKAR KART KONTAKT & INFO
ÅRSMØTE TYSDAG 17. JUNI KL. 18.30 I SOLUND KYRKJETUN
Sakslista styret har sett opp for årsmøtet er følgjande: [les meir]

JONSOKFEIRING PÅ HERSVIK LAURDAG 21. JUNI KL. 17
I tillegg vert bua som vanleg open kl. 11.30 - 15

Velkomen til Jonsokfeiring i Krambua og hamna på Hersvik!
Sal av grillmat, rømmegraut, spekemat, kaffi og kling. Spørjekonkurranse for vaksne og båtroing for born. Trekning av loddbøker. Bålbrenning frå kl. 19. Ta med redningsvest til borna.

Arrangør: Sogelaget i samarbeid med Nord-Solund Vel. .........................................Jonsokfeiringa i fjor: [les meir]


ROS TIL SOLUND SOGELAG

Rett som det kjem oppmuntrande godord til sogelaget for det allsidige arbeidet som vert utført. Særleg lesarar av Solund sogeskrift har mykje godt å bere fram. Det kan vere på telefonen, i ein kort mail eller i meir utførleg form Her refererer me frå ein utflytta suling i Haugesund, Borghild Hop Berning: [les meir]


JULEMESSE PÅ HERSVIK



Laurdag 24. november var det julemesse på Krambua i Hersvik. Trass i eit heller trasig vær med synnakuling og sluddbye kom det bra med folk som ville handle heimelaga produkt.

. [les meir]


KULTURKVELD med bokslepp "Solund sogeskrift år 2007"

I år var det boksleppet på Solund brygge på Hardbakke.

Det møtte fram mykje folk denne tysdagskvelden, å stemninga og maten var god.

Ekstra kjekt var det å sjå so mange unge folk som hedde teke seg tid til å vere med.

Etter opning ved leiar i laget Bjørn Magne Hansen vart det vist bilete frå Solundarkivet med tema Bryllaup.
Folk tok til å kjenne matlukta og da vart so servert kjøtsuppe, kaffi og kaker. [les meir]



Vil du bli medlem i Solund sogelag?

Send ein straumpost til : post@solund.sogelag.org   eller kontakt leiar Bjørn Magne Hansen på telefon: 57787165.
                        Medlemskap kostar kr. 250,-   då får du også siste Solund sogeskrift.